Nyheter

Norgesmeisteren Elias Hovden Nilsen fekk tildelt drivkraftstipendet for 2020. Banksjef Ole-Magnus Orlien frå Sparebank1 Søre Sunnmøre overrekte Elias ein sjekk på 25 000 kroner. Banken seier Elias var ein av mange søkjarar til stipendet, og dei er imponerte over kva han har fått til så langt. Banken deler årleg ut stipend til unge talent innan kunst og kultur. Elias vil nytte stipendet til vidare satsing på spyd. 

Sjå flott omtale i Møre-Nytt tysdag 14. april.

14.04.2020
- olve.oyehaug

Tysdag 14. april fekk dei eldste utøvarane i Ørsta IL friidrett starte forsiktig opp med utetrening att. Det var ein motivert og blid gjeng som møtte til første fellestrening på ein månad.
Vi følgjer retningslinene frå myndigheitene og forbund. Vi trener i små grupper på 4 pluss 1 trenar, med rett minsteavstand mellom alle, og med desinfisering av utstyr. Treningane er inntil vidare kun for eldstegruppa. 

14.04.2020
- olve.oyehaug

Ørsta IL friidrett avlyser all trening og anna felles aktivitet inntil vidare i samband med koronavirus.

Det vert ikkje treningar eller annan felles aktivitet.

For aldersgruppene 15 år og eldre vert det opna for trening i små grupper på 5 og færre etter påske. Dette vert kun etter direkte avtale med trenarane. Krav frå myndigheitene og friidrettsforbundet skal overhaldast på treningane. Sjå meir info under treningstider. 

(Oppdatert 9. april 2020)

12.03.2020
- olve.oyehaug

Jonatan Hovden Ryste (G12) vart krinsmeister på 60 m, 200 m, 600 m og 1000 m kappgang i Ulsteinhallen i helga. Tvillingsyster hans, Julie Hovden Ryste (J12), vart krinsmeister i kappgang og lengde, og ho hadde nest beste tid på 60 m.

01.03.2020
- olve.oyehaug

Kalender

Mars
MTOTFLS
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930311234

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket