Home Langrenn
Banner
Langrenn
Referat frå årsmøte i langrennsgruppa PDF Skriv ut E-post

Årsmøte ØIL langrenn på klubbhuset 14.februar kl.1900

 

Referat

 

Sakliste:

 

1.Val av sekretær

Magnar Breivik utpeika til sekretær

 

2.Godkjenning innkalling

Inkalling godkjend

 

3.Gjennomgang av referat frå årsmøtet 2009

Referatet vart ikkje gjennomgått,men styremedlemene har fått referatet tilsendt tidlegare og er såleis gjort kjende med innhaldet.

 

4.Godkjenning av årsmelding 2009

Årsmelding godkjend

 

5.Godkjenning av budsjett 2010

Budsjett godkjent

 

6.Godkjenning av rekneskap 2009

Rekneskap godkjent

 

7.Framdrift og dugnad Mosløypa

Arild B,Helge og Jan Olav skal møtast etter skisesongen for å sjå på behovet for og planlegge dugnadar og sørge for nødvendige løyve frå grunneigarar

 

8.Søknad prosjektmidlar på ny løypefres

Det er søkt om kr.70.000 i prosjektmidlar frå Sparebank1Ørsta Volda til innkjøp av sporleggar med fres for å kunne legge betre spor i Mosløypa når det er hardt og isete underlag.Kostnaden for ein slik løypeleggar er ca kr.100.000.Det var stemning på årsmøtet for å kjøpe ein slik dersom vi får tilskot på minst kr.50.000,men leiaren ønskjer formell godkjenning få styret før ev handel vert gjort

 

9.Framdrift og dugnad Bondalseidet

Dugnader på Bondalseidet skal samordnast med HIL.Same trio som under punkt 7 har ansvar for det.

 

10.Val av styre 2010

Dette styret vart valt:Leiar:Jarle Sandbakk,kasserar:Magnar Breivik,anleggsansvarleg:Arild Bjørdal, styremedlem:Jan Olav Bjørdal,Helge Moe,Arne Rotevatn

 

11.Ymse

Det vart vedteke å arbeide for å arrangere eit skirenn for born i Mosløypa i løpet av sesongen.

Rennet er tenkt for born frå 8 år og oppover og med tidtaking.Renndato vart sett til 4.mars,men det er usikkert om det går den dagen pga mangel på funksjonærar.

 

Referent

Magnar Breivik

 
Birkebeinarane i Ørsta PDF Skriv ut E-post

birkebeinarane

Her er bilde av birkebeinarane frå Ørsta  i 2009 og busssjåfør Bjørn Seterbakken.

Det er desse karane som også er dugnadsgjengen og trakkarane for langrensgruppa.

 
Skiløypene til langrennsgruppa i Ørsta IL PDF Skriv ut E-post

Ei oversikt over langrennsløypene til Ørsta IL langrennsgruppa.

moslypa

Les mer …
 


Kopirett © 2010 orstail.no. Alle rettigheter reservert.
Joomla! er fri programvare utgitt under GNU/GPL License.
 
Langrennsgruppa takker sine sponsorer og samarbeidspartnere
Banner