Home Barneidrett
Banner
Barneidrett
Barneidretten i avisa april 2010 PDF Skriv ut E-post


Barneidrett med variert samspel

 

På Vikemarka skule har 25 jenter og gutar i alderen 6 til 7 år dette skuleåret møtt opp til barneidrett ein gong i veka i regi av Ørsta Idrettslag. - Dei har fått eit variert progressivt treningstilbod med vekt på basisdugleikar, meistring, samspel og samarbeid med andre. Vi har vektlagt at dei skal ha det gøy, fortel trenar Geir Arne Aarseth.

Saman med Øyvind Ytre-Eide har han hatt ansvaret for desse borna, medan Elin Røbekk Hovden har vore trenar for 15 born i Mosmarka barnehage.

Gjennom inneakivitetar som turn, ballspel, dans og leikar samt uteaktivitetar som skileik med hopp, kular, ”trekkspel”' og liknande, har trenarane lagt opp til at borna skal få bruke ulike muskelgrupper. Bakgrunnen til instruktørane er mellom annan aktivitetar innan  fotball, svømming, friidrett og ski. No arbeider Geir Arne som fysioterapeut og Øyvind som gymlærar på vidaregåande skule.

Rett før vinterferien avrunda barneidrettsgruppa skileiken med å tenne bål og grille. Det syntest både foreldre og born var ei kjekk stund. No har gjengen vore fleire veker på Vikemarka, der dei har hatt varierande opplegg.

Nytt dette skuleåret har vore at det vart starta ei gruppe i Mosmarka barnehage der kring 15 born deltek. Slik har det inneverande skuleår vore kring 40 born som har fått eit tilbod gjennom Ørsta Idrettslag si barneidrettsgruppe. Det er Ingunn Flo som har vore kontaktperson for barneidrettstilbodet på Vikemarka og i Mosmarka.

Hjørdis Almelid Vikenes (tekst)

 

 

 

 
Oversikt over idrettstilbodet PDF Skriv ut E-post

 

FOTBALL

TURN-JIU JITZU

HANDBALL

ALPINT/

SKILEIK

KLATRING-

SYMJING

FRIIDRETT

SYKL-ORIENT

02.okt

16.okt

23.okt

30.okt

06.nov

13.nov

20.nov

27.nov

04.des

08.jan

15.jan

22.jan

28.jan

04.feb

11.feb

18.feb

04.mar

11.mar

18.mar

25.mar

08.apr

15.apr

22.apr

29.apr

06.mai

20.mai

27.mai

03.juni

Trenar:

Finn Scharning

Trenarar:

Turn: Hilde Lundberg

Jiu-Jitzu: Ronny Akslen

Trenarar:

Annicken Tømmerbakk

Lisbeth H. Totland

Trenar:

Finn Scharning

Trenar:

Klatring:

Miranda Tømmerbakk

Ansvarleg:

Symjing: Kjetil Sætre

Trenar:

Karl Henning Halse

Trenarar:

Sykling:

Erlend

Andersen

Orientering: ?

Fredag

16-17

Fredag

16-17

Fredag

16-17

Torsdag

18-19

Torsdag

17-18

Torsdag

17-18

Torsdag

17-18

Ørstahallen

Ørstahallen

Ørstahallen

Ørsta skisenter

Klatresiloen i Volda og symjehallen i Ørsta

Friidrettsbana

Ikkje avklara enno

Handball-

Turnering?

Opel Cup.

Frivilleg deltaking

Nærare info. vedk.inndeling i grupper

Nærare info. vedk. inndeling i grupper

Avslutnings-

fest ?

 

 


I denne barneidrettsgruppa er vi 2 foreldre med ei koordineringsrolle. Vi skal prøve å få til at minst ein av oss alltid er på treningane. Der skal vi ta i mot barna, og registrere kven som møter opp. I tillegg til å vere kontaktledd mot dykk som foreldre, så skal vi vere kontaktpersonar mot dei eksterne trenarane.

Når det gjeld skiaktivitetane, er samlingane lagt til Bondalseidet. Vi arbeider no for å skaffe gratis skikort.

Kan elles nemne at vi har prøvd å endre på treningstidene, men det viser seg at eit bytte vil påverke fleire lag og det blir mange ringverknader sidan hallkapasiteten er sprengt. Vi vonar difor at de ”held ut” fram til det vert alpint/skileik på torsdagane. Som de ser av planen er det som ikkje er hallaktivitetar, lagt til torsdagar og eit seinare klokkeslett.

Ta gjerne kontakt dersom noko er uklart. Vi set pris på tilbakemelding om korleis barneidrettsgruppa fungerer under dei ulike seansane!


Finn Scharning: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen mob. 91 83 49 90

Hans Olav Sætre: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen mob. 90 58 36 28

 

 
Barneidretten starter opp att! PDF Skriv ut E-post

Barnidretten starter opp etter lang sommerferie. Dette er idrettsopplæring  for barn under 10 år. De deles inn i to ulike aldersgrupper. Den eldste gruppen er for de som som er født i 2000/2001. Den yngste gruppen er mer leikorientert.

Treningstider og kontaktpersoner kommer vi tilbaketil ganske snart!

 
Barneidrett PDF Skriv ut E-post

Treningar - Rekrutt (<10 år)

 

Treningane er organisert gjennom Barneidrettsgruppa i Ørsta IL

Friidrettstilbodet er lagt opp rundt rekrutteringscupen som vert arrangert av friidrettsgruppa og inneheld 6 stemner i løpet av året.  I tillegg til stemna vert det halde treningar på Ørsta stadion utvalde tirsdagar i forkant av stemna i Friidrettcupen.

Trenaransvar for rekruttane: Karl H. Halse

Friidrettscup

Friidrettsgruppa i Ørsta IL arrangerer ein rekrutteringscup med i alt 6 stemner i løpet av 2008.  Utøverane som deltek i stemna vert premierte etter kor mange stemner dei har vore med på. 


17. apr.  Cup 1 -     Lengde og høgde u/tilløp       Vikemarka skule

24. apr.  Cup 2 -     450 m gateløp                      Ørsta ungd. skule

20. mai   Cup 3 -     60 m, lengde, liten ball          Ørsta stadion

10. juni   Cup 4 -     Friidrettens dag                   Ørsta stadion

19. aug.  Cup 5 -    60 m, lengde, kule                Ørsta stadion

19. sep.  Cup 6 -    40 m hekk, høgde, liten ball   Ørsta stadion

 

Felles for cupstemna er at det er påmelding frå 17:30-18:00 og at stemnet startar kl. 18:30

 

Andre konkurransar som kan vere aktuelle å vere med på er

 

12. mai            Ørstastafetten

31. mai-1. juni  Dimnaleikane

 

 

Friidrettsskule - Frå Leik til Friidrett

 

Kva?        Innføring i basisøvingane i friidrett:  løp, hopp og kast.

Kvifor?     Gje borna høve til å forsøke dei same øvingane som

               det vert konkurrert i på Cupstemna.

Korleis?   Dei ulike øvingane i løp, hopp og kast vert introduserte

               under veiledning av trenarar frå friidrettsgruppa.

Kven?      Alle born frå 9 år og nedover som er nysgjerrige på friidrett

Kvar?       Ørsta stadion

Når?        Tirsdagar kl. 18-19

 

På friidrettskulen for rekruttane vert det gitt innføring i løp, hopp og kast på kvar trening. 


Interesserte kan møte på Ørsta stadion kl. 18:00 dei fastsette datoane.  Det er ingen treningsavgift, men utøvarane skal vere medlem i Ørsta IL.

 


Kopirett © 2010 orstail.no. Alle rettigheter reservert.
Joomla! er fri programvare utgitt under GNU/GPL License.