Home A-lag UAVGJORT MOT LANGEVÅG
Banner
UAVGJORT MOT LANGEVÅG PDF Skriv ut E-post

Ørsta spelte siste vårkamp torsdag 2.7. heime mot tabellnabo Langevåg. Med siger i kampen ville Langevåg bli passerte på tabellen. Kampen opna friskt, med mange duellar. Langevåg er eit fysisk sterkt lag men heimelaget matcha dei på duellstyrke heile førsteomgangen. 1 og 2-0 kom etter fine skot frå distanse frå kaptein Leira. To svært gode prestasjonar. Det var også sjansar til det 3., m.a sat ballen i tverrliggaren bak målmann ved eitt høve. Langevåg spelte seg etterkvart betre inn i kampen, og kunne også fått ei redusering siste 5 minutta før pause.

Andre omgang starta med eit visst Langevåg-overtak, medan det var Ørsta som produserte flest opne sjansar. 2 gongar var ein 3 mot 1 framfor mål i kontringsfasa utan at overtalet vart utnytta. Sidan ein ikkje klarte å "drepe" kampen går det som det av og til gjer i fotball, det kjem mål andre vegen. Reduseringa kom etter vel 15 min på eit flott skot frå 16 meteren. Ørsta vart no vel opptekne av å slå langt og makta ikkje å flytte laget etter. Utlikninga kom difor etter ca 25 min etter godt spel av Langevåg.

Etter dette var det gode sjansar begge vegar, dei fleste og største til Ørsta, men bortelaget hadde også sine. På overtid vart det dramatikk då Langevågspissen var gjennom og sette ballen i tverrliggaren. Etter lange forhandlingar med linjemannen valgte dommar Holm å ta situasjonen tilbake og vise ut Eskild for halding. Det var nok ei tvilsam avgjerd sidan Holm tillet halding frå begge i situasjonen, men føya seg inn i rekka av avgjerder i Ørsta sin disfavør med Holm som dommar. Også i vårkampen mot Langevåg sette han sitt preg på kampen ved å oversjå sin assistent som markerte straffespark til Ørsta, og ved å dømme straffespark til Langevåg i ein annan situasjon trass i at Langevågspelaren gjorde han merksam på at det ikkje var tilfelle.

Også i kampen på torsdag hadde det ikkje vore noko å sagt på om Ørsta hadde fått straffe på stillinga 2-0 ved i alle fall ein av 2 tvilsame situasjonar. Den eine valde han å oversjå, den andre trekte han utom 16.

Uavhengig av dette, denne kampen burde absolutt heimelaget ha sikra seg sigeren i gjennom meir klokskap og presisjon i den andre omgangen.

Stoda etter våren er dermed 4 lag i toppen med 4 poengs differanse, og alt er framleis mogleg.

No vert det fotballfri ei periode, men friviljuge treningar tirsdagar og torsdagar kl 18 for dei som er heime,

God sommar!

 
Kopirett © 2010 orstail.no. Alle rettigheter reservert.
Joomla! er fri programvare utgitt under GNU/GPL License.
 
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner