|
Ørsta tok i mot serieleiar L/G på KGB på torsdag 24.6.
Kampen opna nervøst, med eit lite spelemessig overtak til bortelaget. Dei fekk tidleg leiinga 1-0 på ei fin gjennomløping og prestasjon av spissen, sjølv om det smaka av offside. Etter dette jamna det seg ut både spele- og sjansemessig. Ikkje noko å seie på at bortelaget leia 1-0 til pause, sjølv om Ørsta kom sterkare utetter omgangen.
I andre omgang tok Ørsta styringa frå start, og pressa L/G bakover på bana. Sjansar vart skapte, men dette var kampen der utteljinga skulle syne seg å bli dårleg. Med ca 15 minutt igjen å spele kom likevel endeleg utlikninga, då Terje scora frå omtrent død vinkel. Då hadde dei fleste god tru på 3 poeng. Kai R var like etter spelt åleine med keeper, som redda meisterleg.
G/L makta å heve spelet sitt noko etter utlikninga, og kampen vippa. Med 2 minutt igjen av ordinær tid scora L/G etter ein god prestasjon av spissen, og som om det ikkje var nok, kom det tredje godt på overtid på eit "misslukka" frispark som skifta retning på ein ørstaspelar og havna innanfor stengene bak ein utspelt keeper. Vonbrot for Ørsta, og ein hadde kanskje fortent betre, men det gjeld å sette ballen i mål. G/L hadde eit bra kollektiv, og mange gode individualister; utan tvil sterkaste laget me har møtt i serien i år. Det er allereie grunn tilå glede seg til returmøtet til hausten!
Ørsta stilte med dette laget: Petter, Eskild, Marius, Sindre, Arthur, Kai Henning, Jørgen, Yngve, Svein I, Terje og Kai R. Inn kom Mats. |