Home A-lag SIGER MOT BLINDHEIM!
Banner
SIGER MOT BLINDHEIM! PDF Skriv ut E-post

3 viktige poeng vart sikra då Ørsta møtte Blindheim på bortebane 16.6 Kampen starta i høgt (4.divisjons-) tempo, og Ørsta vart klart best i den første omgangen. Samspel og intensitet var ikkje til å kjenne igjen frå den flaue kampen førre veke. Mange sjansar vart skapte, men ein god Blindheimkeeper holdt unna til omlag midtvegs i omgangen. Då sette Jørgen enkelt inn ein retur, etter eit flott frispark frå Kai H enning. Siste 5 minutta kom Blindheim lenger fram på bana og skapte eit par farlege sjansar før pause.

Andre omgang var jamnare enn den første. Det var mange spolerte sjansar begge vegar, medan Ørsta var det vesle hakket betre spelemessig. Blindheim var stort sett farlege på dødballar.

Ein god arbeidssiger dette, der hardt arbeid hadde prioritet. Stor framgang også spelemessig på ei fin Blindheimbane.

Ørsta stilte med dette laget: Petter, Eskild, Tord, Marius, Arthur, Jørgen, Kai H, Yngve, Svein, Kai R og Terje. Inn kom Hallgeir.

Neste kamp er borte mot Åram/VanKam

 
Kopirett © 2010 orstail.no. Alle rettigheter reservert.
Joomla! er fri programvare utgitt under GNU/GPL License.
 
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner