Home Barneidrett Barneidrett Barneidretten i avisa april 2010
Banner
Barneidretten i avisa april 2010 PDF Skriv ut E-post


Barneidrett med variert samspel

 

På Vikemarka skule har 25 jenter og gutar i alderen 6 til 7 år dette skuleåret møtt opp til barneidrett ein gong i veka i regi av Ørsta Idrettslag. - Dei har fått eit variert progressivt treningstilbod med vekt på basisdugleikar, meistring, samspel og samarbeid med andre. Vi har vektlagt at dei skal ha det gøy, fortel trenar Geir Arne Aarseth.

Saman med Øyvind Ytre-Eide har han hatt ansvaret for desse borna, medan Elin Røbekk Hovden har vore trenar for 15 born i Mosmarka barnehage.

Gjennom inneakivitetar som turn, ballspel, dans og leikar samt uteaktivitetar som skileik med hopp, kular, ”trekkspel”' og liknande, har trenarane lagt opp til at borna skal få bruke ulike muskelgrupper. Bakgrunnen til instruktørane er mellom annan aktivitetar innan  fotball, svømming, friidrett og ski. No arbeider Geir Arne som fysioterapeut og Øyvind som gymlærar på vidaregåande skule.

Rett før vinterferien avrunda barneidrettsgruppa skileiken med å tenne bål og grille. Det syntest både foreldre og born var ei kjekk stund. No har gjengen vore fleire veker på Vikemarka, der dei har hatt varierande opplegg.

Nytt dette skuleåret har vore at det vart starta ei gruppe i Mosmarka barnehage der kring 15 born deltek. Slik har det inneverande skuleår vore kring 40 born som har fått eit tilbod gjennom Ørsta Idrettslag si barneidrettsgruppe. Det er Ingunn Flo som har vore kontaktperson for barneidrettstilbodet på Vikemarka og i Mosmarka.

Hjørdis Almelid Vikenes (tekst)

 

 

 

 
Kopirett © 2010 orstail.no. Alle rettigheter reservert.
Joomla! er fri programvare utgitt under GNU/GPL License.