Home Aldersbestemt Jenter 12 Ørsta J12 - med ei god handballhelg.
Banner
Ørsta J12 - med ei god handballhelg. PDF Skriv ut E-post

Ein Siger mot Blindheim og eit tap mot serieledarane Mauseidvåg, kan 11åringane vere fornøgde med innsatsen i helga.

Ørsta2 - j12

 

Laurdag 16. Januar hadde jentene kamp i Ørstahallen mot Blindheim 3. Jentene var revansjelystne etter å gitt bort sigeren borte mot samme laget rett før jul (7-7).

Til pause var stillinga heile 8-0 til Ørstajentene, der Karen Vollsund hadde fleire klasseredningar, også forsvaret jobba godt.

Andre omgang byrja like bra som fyrste, og Ørsta leda 11-0 før Blindheim fekk sit fyrste mål etter 8 min ut i omgangen. Etter det blei de litt mindre mål, og kampen endte 14-3. Det er kjekt å sjå at fleire melder seg på i kampane, god kamp frå jentene.

Desse var med: Vilde Nilsvik, Live Nilsvik(5mål), Trude Holen(2 mål), Yngvild Røv, Monika B. Moe(2 mål), Therese Søvik, Annelin Elde Sætre, Tonje Aakre(4 mål), Karen Vollsund, Refsan Berge, Ingrid Hovden(1 mål), Maren Pedersen.

 

Søndag var det ny kamp i Sulahallen mot serieledarane Mauseidvåg som hadde 10 av 10 sigerar. Målet for kampen var å ikkje bli skremt av dei store spelarane, å prøve å holde ballen i laget. Etter 10 min låg vi godt ann og hadde stillinga 2-2. Då benytta Mauseidvåg sine overårige spelarar som var heile to år eldre enn 98-jentene, og Mauseidvåg fauk opp i 10-3 ledelse til pause.

Karen Vollsund som fekk seg ei lita skade under oppvarminga gav keeperdrakta til Vilde Nilsvik som opna andre omgang bra. Ørsta leda omgangen 6-1 før Mauseidvåg sin trenar la Timeout kortet på bordet(11-8). Då benytta Mauseivåg nok ein gong dei overårige spelarane sine, og då rakna det Ørsta. Kampen endte 20-9 til Mauseidvåg.

Desse var med: Vilde Nilsvik, Live Nilsvik(7 mål), Trude Holen, Yngvild Røv, Monika B. Moe(2 mål), Therese Søvik, Annelin Elde Sætre, Tonje Aakre, Karen Vollsund, Refsan Berge, Ingrid Hovden, Maren Pedersen.

 

Jentene har vist stor utvikling denne sesongen, handballforståelsen og intressa for god handball har økt. Vi håper utviklinga fortsetter ut resten av sesongen, så ser vi i Ørstahallen søndag 31. Januar mot Haram.

 

Tom Erik Engeset.

 

 

 

 

 
Kopirett © 2010 orstail.no. Alle rettigheter reservert.
Joomla! er fri programvare utgitt under GNU/GPL License.