I denne barneidrettsgruppa er vi 2 foreldre med ei koordineringsrolle. Vi skal prøve å få til at minst ein av oss alltid er på treningane. Der skal vi ta i mot barna, og registrere kven som møter opp. I tillegg til å vere kontaktledd mot dykk som foreldre, så skal vi vere kontaktpersonar mot dei eksterne trenarane.
Når det gjeld skiaktivitetane, er samlingane lagt til Bondalseidet. Vi arbeider no for å skaffe gratis skikort.
Kan elles nemne at vi har prøvd å endre på treningstidene, men det viser seg at eit byttevil påverke fleire lag og det blir mange ringverknader sidan hallkapasiteten er sprengt. Vi vonar difor at de ”held ut” fram til det vert alpint/skileik på torsdagane. Som de ser av planen er det som ikkje er hallaktivitetar, lagt til torsdagar og eit seinare klokkeslett.
Ta gjerne kontakt dersom noko er uklart. Vi set pris på tilbakemelding om korleis barneidrettsgruppa fungerer under dei ulike seansane!