|
25 deltok i rekrutteringscup 2 |
|
Friidrett -
Nyhende
|
|
tirsdag 13. april 2010 21:23 |
|
Heile 25 utøvarar deltok på rekrutteringscup 2 i friidrett. Gledeleg var det at dei aller fleste av desse har vore fast på treningane heile vinteren.

10-12 års klassa klare på startstreken.
|
|
Les mer …
|
|
Ørsta-Gursken/Larsnes 3-0 |
|
Fotball -
Nyhende
|
|
søndag 21. mars 2010 00:01 |
|
Ørsta hadde mykje å revansjere etter den dårlege opplevinga mot TMFK då nyopprykka og "nye" GuLars var på vitjing 19.3.
Bortelaget opna småpent med bra kombinasjonar utan at det vart farleg framfor mål. Ørsta spelte seg etterkvart inn i kampen, og det var difor fortent då S.I. Moltu breisida inn 1-0 etter fint forarbeid av Terje Rebbestad. 1-0 var også stillinga ved pause. I andre omgang hadde Ørsta god kontroll, og la på til 2-0 ved Moltu etter gjennomspel av Kai Robin Myklebust. Terje Rebbestad la på til 3-0 med ei kanonkule etter forarbeid av Eskild Dagfinrud. Sigeren var aldri trua i 2 omg. då bortelaget kun hadde ein farleg visitt framfor Ørstamålet.
Best på Ørsta var Petter som sto feilfritt i mål og Terje H Øye i ny rolle i midtforsvaret. |
|
Aina Opsal Bakke fekk gull i tresteg |
|
Friidrett -
Nyhende
|
|
lørdag 13. februar 2010 14:13 |
|

Aina Opsal Bakke frå Ørsta fekk gullmedalje i innandørs UM i friidrett i går, 12.02.2010, i klassa jenter 17 år. UM verte i år arrangert i Drammenshallen og er å rekne som eit NM for utøvera i alderen frå og med 15 år. Aina vann med eit resultat på 11,55 meter, som ogso er ny personleg rekord for Aina. Maren Nordang, ogso frå Ørsta, fekk i same klasse og øving resultatet 10,31 meter. Maren har bedre resultat frå tidlegare, men dette resultatet heldt til ein 8 plass av tilsaman 14 deltakarar. |
|
SENIORTRENINGA FLYTTA TIL TORSDAG 11.2 |
|
Fotball -
Herre 4. divisjon
|
|
onsdag 10. februar 2010 11:21 |
|
Grunna kvalikkamp for guttelaget er seniortreninga på onsdag flytta til TORSDAG kl 1930. |
|
TERJE REBBESTAD ATTENDE I ØRSTA |
|
Fotball -
Herre 4. divisjon
|
|
fredag 15. januar 2010 21:23 |
|
Terje Rebbestad har skrive under for Ørsta. Han spelte sist på Ørsta vårsesongen 2008. Vi ønskjer han velkomen attende, og lukke til i den kvite trøya i 2010. |
|
|
Knallsterk sesongavslutning for Ørsta G-12 |
|
Handball -
Gutter 12
|
|
fredag 26. mars 2010 11:33 |
|
Ørsta Gutar 12 år har hatt ei svært god utvikling i år, noko resultata frå sesongavslutninga bar tydeleg preg av:
G-12-97 avslutta med ein braksiger mot Bergsøy, og G-12-98 hadde 3 kampar og 3 sigrar denne helga. Dette gjorde dei også til seriemeistrar med 3 poengs margin, og kun eitt tap denne sesongen.
|
|
Les mer …
|
|
Ørsta G-12 kjempa seg til siger over Volda. |
|
Handball -
Gutter 12
|
|
onsdag 10. mars 2010 02:03 |
|
Dei som såg G-12 handballkampen i Voldahallen sist søndag mellom Ørsta og Volda var vitne til ein særdeles velspelt og spanande handballkamp.
|
|
Les mer …
|
|
FOTBALLTILBOD VED VOLDA VG SKULE |
|
Fotball -
Nyhende
|
|
onsdag 10. februar 2010 15:06 |
|
Det vart i dag underteikna ei avtale mellom Volda vg,, VTI-Fotball og Ørsta Fotball om eit tilbod innan Toppidrett, fotball. Avtalen gjeld allereie for studieåret 2010-11, og med søknadsfrist 1.mars i år. Det vil og bli gjeve tilbod tildei som er inne i første året no. Ørsta Fotball er svært glade for avtalen, og ser fram til å arbeide nært saman med VTI-Fotball og den vg skulen for å skape eit betre skule og fotballtlbod enn det som finnast i dag. Meir detaljar kjem seinare |
|
tirsdag 26. januar 2010 12:49 |
|
Fyste gong fredag 29. januar kl. 18.00. Deretter kvar onsdag og fredag i alt 7 gongar. HJELMPÅBOD.
Instruksjon og heiskort kurskvelden kr. 650,- Påmelding til Eldbjørg Tvergrov innan onsdag 27.januar. tlf 915 32852
- 700 40197 Arr. Ørsta IL, Åmdal IL i samarbeid med Ørsta Skisenter |
|
Fotball -
Herre 4. divisjon
|
|
torsdag 07. januar 2010 10:42 |
|
Yngve Frøland (Sæbø) og Terje Haugen Øye (Sunnylven) har skrive under for Ørsta. Vi ønskjer dei velkomne og lukke til i 2010 |
|
|
|
|
Side 5 av 7 |