|
Haustsesong med stor idrettsglede |
|
Handball -
Jenter 10
|
|
søndag 25. desember 2011 18:46 |
|
Ørsta IL handballjenter 10 år:
Haustsesong med stor idrettsglede
For tiårsjentene til Ørsta IL handball har haustsesongen vore prega av mange kampar, ofte tett på kvarandre i helgene. Dei har reist til ulike hallar på Sunnmøre og vist stor idrettsglede. Det har dei gjort anten dei har tapt kampane, spelt uavgjort eller vunne dei. Dette med utstråling når måla sig inn i det ønska målet, må mest opplevast. Kanskje det næraste ein kjem som karakteristikk er idrettssjarm rett og slett...
Maria Frøland er trenar for dette jentelaget, Ingelin Fagervoll hjelpetrenar, oppkvinne er Janne Dagfinrud og saman med fleire andre foreldre gjer leiarteamet ein strålande jobb med å motivere jentene og få dei til å yte det vesle ekstra.
Mange foreldre følgjer naturleg nok også sine håpefulle rundt på kampane. Det er sosialt og det er triveleg for dei vaksne å heie på Ørsta og vise engasjement frå sidelinja. Nokre vaksne har også dei svarte handballgensarar til Ørsta IL handball, medan andre heiar utan supportarklede. Her er ikkje utstyret det viktigaste, men innsatsviljen og pågangsmotet.
Kjekt har det også vore å treffe dei som spelar på Åmdal IL sitt jentelag på fleire av kamphelgene. Når vi som tilskodarar set oss ned i gode tribuneanlegg i andre hallar, tenkjer vi litt på fasilitetane som vi kan tilby våre tilreisande. Men – her gjeld det å halde på optimismen på alle felt. Gleda over at det er mange jenter som vil spele, at det er mange villige vaksenhender som får ørstahandballen til å svive rundt, og ikkje minst at det finst mange foreldre og søsken som er med og dreg lasset ved å vere oppmuntrande både til dette å trene og til det å stille opp på kampane.
Skrivar:
Hjørdis Almelid Vikenes, mor til ei av handballjentene
Bildetekst:
Desse tiårsjentene frå Ørsta IL handball spelte fleire kampar i Herøyhallen søndag 18. desember. Dei møtte mellom andre Åmdal IL sitt lag. Hjelpetrenar Ingelin Fagervoll (t.v.) og trenar Maria Frøland (t.h). Denne gongen var 18 av totalt 25 spelarar i aksjon. (Foto: Janne Dagfinrud)
|
|
ØIL -
ØIL
|
|
torsdag 08. desember 2011 20:35 |
|
ØIL har no 962 medlemmer. Dei fleste er aktive utøvarar under 20 år. Alle som er med på organisert trening i regi av laget, og konkurrerer eller spelar kampar for ØIL, pliktar å vere medlem. Medlemmene er grunnmuren i laget. Medlemskapet er viktig for klubbkjensle og bygging av fellesskap. Berre medlemmer har røysterett i årsmøtet.
Medlemskapen i laget er svært rimeleg. Nokre grupper har treningskontingent i tillegg, for å få økonomien i hop. Medlemmene kan sjølvsagt vere aktive i fleire grupper samstundes. ØIL har samarbeid med andre lag i fleire idrettar. Dei som er med i samarbeidslag skal berre vere medlem i eitt av laga. Støttemedlemskap.
Vi ynskjer oss fleire støttemedlemmer. ØIL driv mange sunne aktivitetar for både unge og vaksne. Det kostar å drive idrett. ØIL har i år eit budsjett på 3,5 millionar. Støttemedlemskap er med på å sikre drifta av laget. Støttemedlemskap kostar berre kr 100 årleg.
|
|
Alpin -
Aktuelt
|
|
fredag 18. november 2011 16:46 |
|
Alpingruppa arrangerer den årlege byttedagen for ski og vinterutstyr.
Stad: Ørsta vidaregåande skule, tømrarbygget ( rett overfor Shell)
Innlevering av utstyr; Fredag 18.11. kl. 1830 - 2100.
Sal av utstyr; Laurdag 19.11. kl. 1230 - 1500.
Henting av utstyr som ikkje har vorte selt, innan kl. 1530.
|
|
3. Divisjon Herre Ørsta/Volda - Ranheim. |
|
Handball -
Herrer 3. divisjon
|
|
lørdag 05. november 2011 22:48 |
|
Ørsta/Volda 36 - 16 Ranheim
Ørstahallen
 Bak f.v Sturla Knutsen, Bendik Bjerke, Bjørnar Sundnes, Kim Børre Berg, Trygve Solstad, Sondre Mork, Kim Myklebust og Sivert Årseth
Fram f.v Petter Årseth, Martin Aambakk, Haris Smajic, Øyvind Berg, Tom Engeset og Vidar Eidså
Målscorarar:
Kim Myklebust 9, Bendik Bjerke 8, Martin Aambakk 5, Vidar Eidså 5, Bjørnar Sundnes 4, Tom Erik Engeset 3 og Petter Årseth 2.
Til pause var stillinga 17-8, og Ørsta hadde eit solid overtak på Ranheim frå start.
Ørsta/volda står no med 3 sigrar og 1 tap i årets sesong. Neste kamp er 26. November mot Vikhammer 2 i Ørstahallen kl 1800
|
|
Sterk sesongåpning av seniorlaga til Ørsta |
|
Handball -
Nyheter
|
|
torsdag 22. september 2011 22:08 |
|
Ørsta-damene spela på søndag mot Aksla i Fagerlihallen, og vann der kontrollert
med sifra 25-32. Denne gongen fekk også fleire J-16 spelarar prøve seg, og dei greidde seg godt.
|
|
Les mer …
|
|
Salg av Roar Hagen bilder |
|
ØIL -
ØIL
|
|
mandag 18. april 2011 18:33 |
|
Ørsta idrettslag sitter på en del bilder av Roar Hagen. Det finnes 6 forskjellige, pr i dag er det ene utsolgt. Legger herved ut bildene som er for salg. Bildene er nummererte og signerte. Desverre har jeg ikke full oversikt over hvor mange vi har igjen av hvert bilde. Dette er informasjon jeg skal få tak i og legge til denne artikkelen. (for større versjon av bilde, klikk på bildet, det linker til større versjon)

|
|
Les mer …
|
|
Ørsta friidrett med rekruteringstemne1 i Ørstahallen |
|
Friidrett -
Nyhende
|
|
torsdag 10. mars 2011 18:48 |
|
Ørsta friidrett startar stemnesesongen med fyrste rekruteringstemne i Ørstahallen 23.mars 2011 kl. 16-18. Pris kr. 50,- for å delta, og påmelding so lenge stemnet varer. Stemnet er ope for alle aldera ( dei minste brukar å vere 4 år). Dette vil vere eit innandørstemne med øvingane stille høgde, stille lengde og kule. Dette er det fyrste av tilsaman 6 rekruteringstemner som vil verte arrangerte gjennom sesongen 2011. Etter siste stemnet vil det vere premieutdeling og premiering etter kor mange stemner utøverane har delteke i. |
|
ØIL -
ØIL
|
|
fredag 10. desember 2010 19:14 |
|
Det har sneket seg inn en liten feilinformasjon på faktura som kommer til deg i disse dager. Det står i teksten at årsavigften er 400,-. for familier. På innbetalingsbeløp står det 500,-. Det er dette som er rett. Fra og med neste år er familiemedlemskap satt til 400,-. Vi beklager denne feilen. |
|
ØIL -
ØIL
|
|
fredag 03. desember 2010 19:13 |
|
Vil du gi ØIL en ekstra støtte? I dag er det 164 "lotto" spillere i Ørsta som gir sitt bidrag til Ørsta idrettslag. Fortsatt er det mange personer der ute som tipper litt fotball og lotto i helgene som ikke har valgt seg en grasrotmottaker. Hvis du ikke har valgt noen anbefaler jeg på det sterkeste og gjøre det før nyttår. Det har tilbakevirkende kraft for alt du har tippet hele året. I år har vi fått inn over 70 000,- En milepæl må være å få inn 100 000,- i 2010. Husk at det er helt kostnadsfritt å støtte oss. 5 % av det du har tippet for blir gitt som gave fra Norsk tipping til ØIL. Så ikke valgt noen mottaker, gjør det nå!!!

|
|
ØIL -
ØIL
|
|
onsdag 01. desember 2010 23:52 |
|
Kontingenten vert utsendt i desse dagar. Som i fjor er det firmaet Mamut AS som står for utsendinga. ØIL har no registrert 935 medlemmer. 600 er under 20 år. Grunnlaget for medlemstalet er innbetalingar siste to åra, samt utøvarlistar frå gruppene.

|
|
Les mer …
|
|
|
|
|
Side 1 av 2 |
Kopirett © 2012 orstail.no. Alle rettigheter reservert.
|
|
|